Hopp til innhold
X
Innhald

Bibelhandskrifter

Bibelhandskrifter er gamle handskrifter til Det gamle testamentet og Det nye testamentet. Det finst ingen originalmanuskript til dei bibelske skriftene, men ei rekkje avskrifter. Det eldste handskriftet til heile Det gamle testamentet på hebraisk stammar frå 1008, Codex Leningradensis, men mellom dei såkalla Dødehavstekstane, som vart funne i 1947 og seinare, er det talrike fragment av tekstar frå Det gamle testamentet, alle eldre enn år 68 etter Kristus. Dei eldste handskriftene til heile Det nye testamentet på gresk er Codex Sinaiticus og Codex Vaticanus frå 300-talet og Codex Alexandrinus frå 400-talet, som alle òg inneheld greske omsetjingar av Det gamle testamentet. Det finst dessutan ei rekkje fragment til nytestamentlege tekstar, det eldste frå tidleg på 100-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012