Hopp til innhold
X
Innhald

Brortrussamfunnet (brødremeningheten)

Brortrussamfunnet (brødremeningheten) eller Herrnhutarane var eit protestantisk trussamfunn som gjekk ut frå dei böhmiske brørne og vart grunnlagd av grev Zinzendorf i Sachsen i 1727. Trussamfunnet dreiv omfattande misjonsverksemd og oppretta foreiningar i andre evangeliske kyrkjer, mellom andre i Noreg: Oslo i 1737; Bergen i 1740; Drammen i 1746. Deltakarane heldt fram som medlemer i kyrkjene sine, men var samstundes knytte til brortrussamfunnet. I Danmark grunnla kyrkjelyden byen Christiansfeld i 1773.
 
Brortrussamfunnet har ikkje noko forpliktande vedkjenningsskrift, men held Bibelen som einaste læreautoritet. Trussamfunnet legg avgjerande vekt på forsoninga i Kristi blod.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012