Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Science

Christian Science som er engelsk og tyder kristen vitskap, er namnet på ei religiøs rørsle med pseudovitskapleg preg og lite kristeleg innslag, grunnlagd av Mary Baker Eddy (1821–1910). Christian Science harmoniserer motsetnadene mellom godt og vondt ut frå ein monistisk spiritualisme og påstår at materie, synd, liding, sjukdom og død berre er illusjonar. Christian Science stiller seg kritisk til legevitskapen og legg avgjerande vekt på læking ved bøn. Boka til Mrs. Eddy Science and Health with Key to the Scripturen frå 1875 vert rekna for å vere kanonisk på lik line med Bibelen. Rørsla gir ut dagsavisa Christian Science Monitor.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012