Hopp til innhold
X
Innhald

Credo

Credo som er latin og tyder "eg trur", er det første ordet i den apostolske og nikenske truvedkjenninga og derfor òg brukt som namn på desse og på den delen av gudstenesta som inneheld truvedkjenninga. Credo quia absurdum, "eg trur fordi det strir mot fornufta", er ei omskriving av noko Tertullian sa. Credo ut intelligam, "eg trur for at eg skal kunne forstå", er ein vidgjeten uttale frå Anselm av Canterbury.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012