Hopp til innhold
X
Innhald

Den heilage grava

Den heilage grava er Jesu grav i Jerusalem, jamfør Matt 27,57 f, Joh 19, 38 f. Keisar Konstantin fekk oppført ein basilika i 320-åra der han meinte at Jesus var gravlagd. Staden vart seinare øydelagd og har delvis vorte restaurert ei rekkje gonger. Den heilage grava er i dag eigd av den ortodokse og den romersk-katolske kyrkja saman med visse andre, mindre kyrkjesamfunn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2012
Sist oppdatert: 28.11.2012