Hopp til innhold
X
Innhald

Den nikenske truvedkjenninga

Den nikenske truvedkjenninga vert brukt om ei vedkjenning retta mot arianismen, vedteken på kyrkjemøtet i Nikea i 325. Symbolum Nicaeno-Constantinopolitanum er den einaste vedkjenninga i den gresk-ortodokse kyrkja. Ho vert òg lesen i den romersk-katolske messa og høyrer til vedkjenningsskriftene i Den norske kyrkja. Den nikenske truvedkjenninga vart utforma før 373 og etter ukorrekt tradisjon vedteken på kyrkjemøta i Nikea i 325 og Konstantinopel i 381.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012