Hopp til innhold
X
Innhald

Diakon eller diakonisse

Diakon eller diakonisse, frå gresk diakonos, tenar, er opphavleg namn på ein embetsberar av lågare rang som har som oppgåve å gjere teneste ved gudstenesta. I dei evangeliske kyrkjesamfunna er diakonar eller diakonissar personar med spesiell utdanning for å drive sosialt arbeid i teneste for kyrkja.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012