Hopp til innhold
X
Innhald

Dødssynd

Dødssynd er i Det gamle testamentet synd som vert straffa med døden, 5 Mos 22,26. I den romersk-katolske kyrkja er det overlagde synder som fører til fortaping, viss dei ikkje blir tilgitte gjennom botssakramentet. Dei sju dødssyndene er hovmod, misunning, vreide, latskap, gjerrigskap, fråssing og utukt. Luther avviste skilnaden mellom dødssynder og andre synder.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2012
Sist oppdatert: 28.11.2012