Hopp til innhold
X
Innhald

Dogme

Dogme kjem frå gresk og tyder læresetning. I teologien vert dogme brukt om grunnleggjande formuleringar av innhaldet i den kristne læra. I romersk-katolsk teologi er dogme namn på læresetningar som er autoritativt fastslått av det kyrkjelege læreembetet. I protestantisk teologi der ein ikkje har eit slikt autoritativt læreembete å støtte seg til, men berre godkjenner "skrifta åleine" som norm for kristen tru, vert ordet spesielt brukt om dei læresetningane som er formulerte i dei tre oldkyrkjelege, økumeniske symbola eller truvedkjenningane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012