Hopp til innhold
X
Innhald

Domkapittel

Domkapittel er eit organisert presteskap knytt til ei domkyrkje. Kapittelmedlemene skulle i fellesskap stå for gudstenesta ved domkyrkja og elles hjelpe biskopen. Vi skil vanlegvis mellom regulære og sekulære domkapittel, alt etter om kapittelmedlemene var pliktige til å leve etter ein klosteraktig orden eller ikkje. Etter reformasjonen hadde ikkje domkapitla i dei protestantiske landa mykje å seie, og mange stader forsvann dei etter kvart heilt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012