Hopp til innhold
X
Innhald

Donatistar

Donatistar er tilhengjarar av ei skismatisk kyrkjedanning i Nord-Afrika på 300-talet, kalla opp etter leiaren Donatus den store som døydde ca. 355.
 
Donatistane gjekk inn for ei streng kyrkjetukt. Om sakramenta var gyldige, kom etter deira meining av om den personlege heilagskapen til den som bar embetet, såkalla donatisme. Donatistane hadde lenge monaleg oppslutnad, men vart kjempa ned av rikskyrkja, til dels med makt. Donatistane forsvann heilt på 600-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2012
Sist oppdatert: 28.11.2012