Hopp til innhold
X
Innhald

Elddåp

Elddåp vart opphavleg brukt om ei ekstatisk oppleving av religiøs art, i Bibelen, Matt 3,11 og Apg 2,3, omtalt som dåp med Heilag Ande og eld som teikn på ei spesiell heilaggjering og innviing.
 
Ei anna tyding av elddåp er første gong ein som soldat tek del i kamp og kjem under eld, det vil seie vert skoten på. I det sivile livet vert elddåp brukt om å gå gjennom ein avgjerande fase i arbeid, privatliv osb.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012