Hopp til innhold
X
Innhald

Episkopal

Episkopal har latinsk opphav og tyder biskopeleg, høgkyrkjeleg. Den episkopale kyrkja er eit vanleg namn på den anglikanske kyrkja i Amerika.
Episkopalisme er teorien som den romersk-katolske kyrkja har om at biskopane i fellesskap har det øvste myndet i kyrkja, medan paven er den første mellom likemenn og må bøye seg for vedtaka biskopane har gjort på konsila. Episkopat er embetet og myndeområdet biskopen har.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2012
Sist oppdatert: 28.11.2012