Hopp til innhold
X
Innhald

Gral

Gral er namnet på ei skål i segnene om "Den heilage Gralen". Jesus skal ha brukt gral under nattverden, og Josef av Arimatea skal ha samla opp blod frå Jesus i ho. Skåla vert, etter det dei kristne segnene seier, lagra av Gralriddarane, mellom andre Parsifal, i borga Mont Salvat.
 
Operaen til Wager, Parsifal, er bygd på denne segna. I segnene om kong Arthur frå mellomalderen dukkar gralmotivet hyppig opp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2012
Sist oppdatert: 28.11.2012