Hopp til innhold
X
Innhald

Grundtvigianisme

Grundtvigianisme er ei dansk kyrkjeleg retning og ei folkeleg kulturrørsle som byggjer på tankane til Nikolai Frederik Severin Grundtvig. Han har spelt ei stor rolle i dansk kyrkje- og kulturliv heilt fram til i dag. I Noreg fekk Grundtvig tilslutnad mellom andre frå Wilhelm A. Wexels, men han vart motarbeidd av det teologiske fakultetet og dei kyrkjelege styresmaktene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2012
Sist oppdatert: 28.11.2012