Hopp til innhold
X
Innhald

Gud

Gud. Førestellingar om høgare makter som grip inn i og til ein viss grad avgjer menneskeliva, finst på alle kultursteg i historia. Dei kan vere gode eller vonde, menn eller kvinner, høggudar eller gudar for visse område som jordbruk, krig, kjærleik osb. Dei kan vere omfatta av denne verda eller skilde frå henne, altså transcendente. Når eit samfunn dyrkar fleire gudar, vert det kalla polyteisme. Dyrkar samfunnet éin gud, men aksepterer at det finst andre gudar på andre stader, vert det kalla monolatri. Dyrkar samfunnet éin gud som den einaste verkelege guden, vert det kalla monoteisme. Jødedomen, kristendomen og islam er monoteistiske. Når gud vert identifisert med verdsaltet eller naturen, vert det kalla panteisme.
 
I kristendomen er gudsbiletet avgjort av trua på at Gud har openberra seg for menneska i Jesu liv, død og oppstode, Joh 1,18. Dette set tanken om den lidande kjærleiken til Gud i sentrum. Gud er skaparen, den som gir liv og den som opprettheld det. Gud dømer mennesket for destruksjonen av det skapte, men han er òg frelsaren som tilgir mennesket og sjølv kjempar ned døden og destruksjonen, slik at mennesket kan verte frelst.
 
I teologien er det kristne gudsomgrepet utfalda i læra om treeininga. Det vil seie at Gud er éin, men har tre skapnader: Faderen, Sonen og Den Heilage Ande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2012
Sist oppdatert: 28.11.2012