Hopp til innhold
X
Innhald

Gudsprov

Gudsprov er forsøk på å prove at Gud er til. Gudsprov vert delte inn i tre typar:
 
1. Det ontologiske provet som inneber at førestellinga om Gud som eit fullkome vesen nødvendigvis impliserer at Gud er til. Dette vart hevda av Anselm av Canterbury og Rene Descartes.
 
2. Det kosmologiske provet som sluttar frå årsakssamanhengane i denne verda tilbake til ei første årsak, som Thomas Aquinas påstod.
 
3. Det teleologiske provet som sluttar frå den føremålsretta og føremålstenlege orden som rår i denne verda, til eit høgare vesen som står bak denne orden. Det var Thomas Aquinas som hevda dette. Immanuel Kant kritiserte desse gudsprova og meinte at førestellinga om Gudseksistensen òg kan etablerast på moralsk grunnlag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2012
Sist oppdatert: 28.11.2012