Hopp til innhold
X
Innhald

Husittar

Husittar er tilhengjarar av Jan Hus, eit nasjonalreligiøst parti i Böhmen som vende seg mot paven og keisaren og mellom anna kravde at kyrkja skulle gi opp den verdslege makta. Partiet vart splitta i to grupper: dei moderate kalikstinarane og dei radikale taborittane.
 
Fleire forsøk vart gjorde for å tvinge husittane til å vere lydige med makt, men utan hell. Konsilet i Basel gav i 1436 etter for krava til kalikstinarane. Desse danna så ei sjølvstendig kyrkje som på 1500-talet var prega av reformasjonen, men som vart utsletta etter sigeren til motreformasjonen i Böhmer i 1620. Ei gruppe husittar danna i 1467 dei böhmiske brørne som seinare gav støyten til Brortrussamfunnet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012