Hopp til innhold
 Ikon. Foto: Violetta79, flickr.com
Ikon. Foto: Violetta79, flickr.com
X
Innhald

Ikon

Ikon kjem frå gresk eikon som tyder bilete. Den religiøse tydinga av ordet ikon er kultusbilete i den gresk-ortodokse kyrkja med framstilling av Kristus, Treeininga og Madonna med Jesusbarnet eller frå helgenar og andre religiøse motiv. Bileta er måla på tjukke treplater, vanlegvis ikkje større enn 30x35 cm, utan ramme, men ofte dekorert med beslag av edelt metall, såkalla risa.
 
Ikon førekjem både i kyrkjene der dei har plass på ikonveggen, ikonostasis, og i heimane. Ikonologi er læra om ikon, bilettyding. Ikon er òg eit datauttrykk, ein grafisk presentasjon av objekt, som mellom anna vert brukt for å unngå å skrive kommandoar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012