Hopp til innhold
X
Innhald

Investitur

Investitur kjem frå latin investire som tyder å kle på. Investitur kan òg tyde å setje inn ein vasall i eit len eller ein biskop i eit embete.
 
Investiturstriden er namnet på striden mellom paven og den tyske keisaren om retten til å nemne ut og setje inn biskopar. Striden braut ut mellom pave Gregor den sjuande og keisar Henrik den fjerde som måtte gjere bot med vandringa til Canossa i 1077. Det enda med forlik i Worms i 1122, noko som styrkte pavemakta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012