Hopp til innhold
X
Innhald

Jansenisme

Jansenisme var ei katolsk rørsle på 1600- og 1700-talet som fekk namn etter den nederlandske teologen Cornelius Jansen (1585–1638). I verket Augustinus som vart gjeve ut posthumt i 1640, hevda Jansen læra om det totalt syndefulle mennesket og erklærte at frelse berre kan skje med nåde frå Gud. Jansen påverka mellom andre Racine og fekk stor oppslutnad i Frankrike.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012