Hopp til innhold
X
Innhald

Jesuittordenen

Jesuittordenen, på latin Societas Jesu (SJ), "Jesu selskap", er ein romersk-katolsk orden grunnlagd i 1534 av Ignatius Loyola i tenesta til motrevolusjonen. Jesuittordenen skulle spreie trua og særleg kjempe mot indre og ytre fiendar av kyrkja. Ordenen vart oppløyst i 1773, men vart oppretta på nytt i 1814.
Noregs Grunnlov av 17. mai 1814 forbaud jesuittar å kome inn i riket (paragraf 2). Dette vart oppheva i 1956.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012