Interieur van de Oude Kerk

Interiøret i ei kalvinistisk kyrkje er kjenneteikna av fråværet av bilete. Måleriet er frå 1661 og viser interiøret i ei kyrkje i Amsterdam.

Kalvinisme er ei kristen retning som voks fram som ein del av reformasjonen i Europa på 1500-talet. Den franske teologen Jean Calvin (1509–1564), som arbeidde store delar av livet sitt i Genève, var den som hadde mest å seie for læra som blei grunnlaget for dei reformerte kyrkjesamfunna.

Faktaboks

Uttale

kalvin'isme

Etymologi
frå fransk calvinisme, etter reformatoren Jean Calvin

Skilnader mellom kalvinisme og lutherdom

Calvin heldt fast ved Bibelens autoritet som Guds ord, og dette gjeld også i kyrkjesamfunn innan den kalvinske retninga. Dette har ført til at Det gamle testamentet har ei anna og sterkare stilling blant kalvinistane enn blant lutheranarane. Mellom anna held kalvinistane fast på biletforbodet som det andre av dei ti boda (Andre Mosebok kapittel 20, vers 4–6). Eit reformert eller kalvinistisk kyrkjerom inneheld difor heller ikkje biletlege framstillingar av Gud. Ein lærer også at den gammaltestamentlege morallova framleis gjeld for dei kristne. Også samfunnslivet skal innrettast etter bibelske retningslinjer. Bibelen blir rekna som forpliktande norm for korleis kyrkja er organisert (kyrkjeforfatning). Måten Calvin organiserte den reformerte kyrkja i Genève på, blir også brukt som mønster.

I synet på nattverden var det usemje mellom Luther og Calvin om korleis ein skulle forstå Kristi nærvær. Luther hevda at Kristus reelt er til stades i og med brødet og vinen (realpresens), medan Calvin peika på at sidan Kristus etter oppstoda (oppstandelsen) er i himmelen, kan han berre vere åndeleg til stades i nattverden. Dette blei vidareført innanfor kalvinismen, som har hevda at Kristus er åndeleg nærverande i nattverdselementa. Dette betyr at nattverden for kalvinistane blir ei meir symbolsk handling enn i lutherdommen.

Calvin understreka Guds ære og at den kristne gjennom gode gjerningar skulle bidra til å auke Guds ære. Det å vere lydig mot Guds vilje og lov representerer eit viktig grunnlag for kalvinismen.

Innverknad på samfunnet

Calvin fremja predestinasjonslæra, som er læra om at Gud, sidan han er allmektig, på førehand har utvalt alle menneske til anten frelse eller fortaping. Denne læra blei utgangspunktet for samfunnsvitaren Max Webers (1864–1920) berømte tese om at tilhengjarane av protestantismen, særleg i den kalvinske varianten, var viktige aktørar i framveksten av den tidlege kapitalismen i Europa.

Herborns universitet (1584–1812) i Tyskland var midtpunkt for den kalvinistiske læra og blei besøkt av studentar frå heile Europa.

Kalvinismen fekk særleg stor innverknad i Sveits, Nederland og Skottland. I tillegg har det vore mange reformerte i Tyskland og USA.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg