Kalvinisme
Kalvinisme er ei retning innan protestantisk kristendom, grunnlagt av Jean Calvin.
Kalvinisme er den kristne trusretninga som i reformasjonen vart utforma av Jean Calvin, den såkalla reformerte eller presbyterianske kyrkja som fekk tilhengjarar i Sveits, Frankrike, Nederland, Tyskland, England og Skottland.
I kalvinismen er trua på at Gud har all makt og det å vere lydig mot Guds lov det sentrale. Det gamle testamentet vert sett høgt. Den strenge puritanismen med å fordøme alle verdslege gleder som Calvin forkynte, har hatt stor påverknad spesielt i den engelsktalande verda.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 17.10.2017