Hopp til innhold

Kanonisere

Kanonisere kjem frå latin og tyder eigentleg å gjere noko til norm. Den romersk-katolske kyrkja brukar uttrykket når dei offisielt erklærer ein person for helgen. Då har ei saligkåring tidlegare gått føre seg. Kanonisering føreset at det ved bøn gjennom den saligkåra har hendt minst to mirakel til.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.11.2012
Sist oppdatert: 14.11.2012