Hopp til innhold
  Kardinalane O'Connor og Shonborn, foto: Mazur, catholicchurch.org.uk
Kardinalane O'Connor og Shonborn, foto: Mazur, catholicchurch.org.uk
X
Innhald

Kardinal

Kardinal kjem frå latin cardinalis, det viktigaste, til cardo som tyder dørtapp, det vil seie det alt dreier seg om. Kardinalane er dei øvste medlemene av den sentrale leiinga i den romersk-katolske kyrkja og dei næraste rådgivarane til paven. Frå 1059 hadde berre kardinalane røysterett i paveval og frå 1389 valde dei alltid ein av sine eigne til pave. I 1586 vart talet på kardinalar sett til 70, auka til 80 av Johannes den 23. og er no om lag 120.
Opphavleg var kardinalkollegiet samansett av prestane i hovudkyrkjene i Roma, dei næraste biskopane og diakonane i Roma, men på 1000-talet kom andre òg inn. I dag har kollegiet medlemer frå heile den katolske verda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 03.12.2012