Hopp til innhold
X
Innhald

Kateket

Kateket kjem frå gresk kathekein, som tyder å undervise. I oldkyrkja var kateket namnet på læraren i katekisme eller truslære for dei som skulle døypast. I dag vert kateket brukt om ein kyrkjeleg tenestemann eller ei tenestekvinne som i første rekkje er lærar.
 
Katekettenesta vart innført i Den norske kyrkja ved lov av 19. juni 1969. Kateketar vert utdanna spesielt for undervisningsarbeidet i kyrkjelyden, mellom anna konfirmantundervisning, ungdoms- og studiearbeid.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012