Hopp til innhold
 Harvard universitet, foto: Omer Kabir, flickr.com
Harvard universitet, foto: Omer Kabir, flickr.com
X
Innhald

Kongregasjonalisme

Kongregasjonalisme er nemninga på det kyrkjesynet som seier at kvar kyrkjelyd skal vere ein uavhengig og sjølvstyrd samskipnad av truande. Opphavleg vart nemninga brukt om dei engelske independentane som var ortodokse kalvinistar og strenge puritanarar.
 
Kongregasjonalismen oppstod på slutten av 1500-talet og har spelt ei stor rolle i USA, mellom anna gjennom grunnlegginga av universiteta Harvard og Yale.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012