Hopp til innhold
X
Innhald

Konsistorium

Konsistorium kjem frå latin og vert brukt om møte med kardinalar under leiing av paven i den romersk katolske kyrkja. I visse protestantiske kyrkjer er konsistorium namnet på rådet som på vegner av kyrkja hjelper statsoverhovudet i eigenskap av kyrkjeoverhovud.
Konsistorium vert òg brukt om det styrande organet mellom anna ved dei danske universiteta, tidlegare òg dei svenske. Det tilsvarer det akademiske kollegium ved Universitetet i Oslo.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012