Hopp til innhold
X
Innhald

Koptarar

Koptarar er namnet på medlemene i den koptiske kyrkja i Egypt, som går attende til 200-talet, men vart isolert som ei monofysittisk nasjonalkyrkje då ho motsette seg avgjerda på kyrkjemøtet i Kalkedon. Koptarkyrkja vert leidd av patriarken av Alexandria som er busett i Kairo. Den etiopiske kyrkja vart lagd under patriarken i Alexandria på 600-talet, men fekk fullt sjølvstende i 1959 med eigen patriark i Addis Abeba. For koptisk språk sjå egyptisk språk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012