Hopp til innhold
X
Innhald

Kvinneteologi

Kvinneteologi er nemninga for ulike former for moderne teologi som særleg legg vekt på livet og erfaringane til kvinner.

Kvinneteologi er nemninga for ulike former for moderne teologi som særleg legg vekt på livet og erfaringane til kvinner. Det er ikkje eit visst teologisk system. Kvinneteologi har vanlegvis ein emansipatorisk karakter og vender seg kritisk mot kvinneundertrykkjande tilhøve i kristne miljø. Kritikken avdekkjer òg korleis visse kjønnsrollemønster har sett preg på den teologiske tenkinga. Kvinneteologien legg vekt på å vise at kvinnene har spelt ei viktigare rolle i kyrkjehistoria enn historieforskinga til no har gitt inntrykk av.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 23.05.2013