Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjemøte

Kyrkjemøte som òg vert kalla konsil eller synodar er kyrkjelege møte som drøftar viktige kyrkjespørsmål og til dels treffer bindande avgjerder. Som det første kyrkjemøtet reknar ein apostelmøtet i Jerusalem, Apg 15, som slo fast at ikkje-jødiske kristne ikkje var bundne av dei rituelle føreskriftene i Moselova. Dei neste sju vart kalla økumeniske kyrkjemøte fordi dei galdt den samla kristne kyrkja.
 
Kyrkjemøta har namn etter staden der dei vart haldne med årstalet attom: Nikea 1 325, Konstantinopel 1 381, Efesos 431, Khalkedon 451, Konstantinopel 2 553, Konstantinopel 3 680, Nikea 2 787, Konstantinopel 4 869. Det siste kyrkjemøtet i Konstantinopel vart ikkje godkjent av den gresk-ortodokse kyrkja. Kyrkjemøta etter dette har berre omfatta den romersk-katolske kyrkja. Dei to siste har vore Vatikanet 1 1869–70 og Vatikanet 2 1962–65.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.12.2012
Sist oppdatert: 05.12.2012