Hopp til innhold
X
Innhald

Læstadianismen

Læstadianismen er ei luthersk kyrkjeleg vekkingsrørsle som vart starta av den svenske presten Lars Levi Læstadius (1800–61) i svensk Lappland i 1840-åra, og som spreidde seg til Finland og Nord-Noreg. I Kautokeino førte rørsla til opptøyar med eldpåsetjing og drap i 1852. Andre stader gjekk det fredelegare føre seg, sjølv om tilhøvet til presteskapet kunne vere spent. Etter at Læstadius døydde, vart rørsla leidd av Juhani Raattamaa (1811–99), men vart splitta. Læstadianarar er medlemer i statskyrkja.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012