Hopp til innhold
X
Innhald

Martyr

Martyr kjem frå det greske ordet martys og frå det kyrkjelatinske martyr og tyder vitne eller blodvitne. Ordet martyr vart første gongen brukt om kristne som under forfølgingane i Oldtids-Roma måtte døy på grunn av trua si. Seinare har ordet vore brukt om andre som utan skuld må lide på grunn av tru eller andre haldningar.
 
Martyrium er det å lide på grunn av tru eller haldningar, og ofre livet etter langvarig og uskuldig liding; martyrdød. Martyrologium er eit oppsett over dei kristne martyrane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012