Hopp til innhold

 Søndagsmesse i St.Catherine i Betlehem, foto: James Emery, flickr.com
Søndagsmesse i St.Catherine i Betlehem, foto: James Emery, flickr.com
X
Innhald

Messe

Messe kjem frå det latinske missa, som truleg har opphav i dei avsluttande utsendingsorda i messa: lte missa est. Frå 500-talet var messe det vanlege namnet for hovudgudstenesta i den romersk-katolske kyrkja med sentrum i nattverden, seinare òg for sjølve nattverdsfeiringa. I Noreg vert messe brukt om hovudgudstenesta søndag: høgmessa.
Messe vert òg brukt om vareutstilling, marknader med utstilling av vareprøver der utstillarane er til stades og tingar varer som regel en gros, som vil seie å handle i store parti. Namnet kjem truleg av at slike marknader vart haldne i samband med kyrkjelege høgtider.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012