Hopp til innhold
X
Innhald

Messias

Messias kjem frå hebraisk masjiach og arameisk mesjicha, "den salva". I Det gamle testamentet vert Messias først og fremst brukt om kongen. Etter at kongedømet fall, vart det brukt om framtidskongen som skal atterreise Israel. I Det nye testamentet er Messias namnet på den komande frelsaren Jesus.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012