Innhald
Monofysittisme
Monofysittisme kjem frå gresk mono-, éin, og fysis, natur, og er læra om at Kristus berre har éin natur som er guddomleg. Tanken vart sett fram av den greske teologen Evtykhes på 400-talet, men vart fordømd av paven og fleire kyrkjemøte. Dei kristne kyrkjesamfunna i Egypt, Etiopia, Syria og Armenia har likevel halde på eit monofysittisk syn.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 03.12.2012