Hopp til innhold
Mormons bok. Foto: More Good Foundation, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
Mormons bok. Foto: More Good Foundation, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
X
Innhald

Mormonkyrkja

Mormonkyrkja heiter eigentleg Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage, eit religionssamfunn stifta av Joseph Smith 6. april 1830 i USA.

Smith hevda at han gjennom ei direkte openberring frå Gud Faderen og Jesus Kristus vart kalla til å atterreise Jesu Kristi kyrkje i dei siste dagane og vidare at engelen Moroni hadde leidd han til eit oldtidsskrift som låg under ein stor stein og var gravert inn på gullplater på eit språk som Smith kalla «reformert egyptisk». Han omsette platene med hjelp frå «sjåarsteinane» Urim og Tummim, 2 Mos 28,30, som låg saman med gullplatene. Boka fekk namnet Mormons bok, som mellom anna fortel om ei israelittisk kolonisering av Amerika 600 før Kristus og om at Jesus besøkte dette folket etter oppstoda.

Smith stilte som presidentkandidat i 1844. Han vart fengsla og skoten ned av ein mobb same året. Deretter vart Brigham Young (1801–77) leiar for kyrkja. Ha førte mormonane vestover til Salt Lake-dalen der Salt Lake City vart bygd, store delar av Rocky Mountains kolonisert og staten Utah grunnlagd i 1896. Kyrkja praktiserte fleirkoneri i perioden 1842–90.

Mormonkyrkja forkastar treeiningslæra og hevdar at Faderen, Sonen og Den heilage Ande er tre sjølvstendige personar. Dei praktiserer dåp for døde slektningar. Kyrkje seier dei har over 15 millionar medlemer over heile verda, vel 4600 bur i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2012
Sist oppdatert: 23.05.2017