Hopp til innhold
X
Innhald

Nattverd

Nattverd, "kveldsmåltid".

Nattverd, "kveldsmåltid", vert òg kalla evkharisti frå gresk "takkseiing" etter rolla takkebøna spelar i nattverdsfeiringa, kommunion frå latin communio som tyder "fellesskap" og altarsakramentet, eit kyrkjeleg sakrament som går attende til Jesu måltid med tollarar og syndarar, Matt 9,10–13, og det siste måltidet han hadde med disiplane kvelden før han vart korsfesta, Matt 26, 17–29. Brødet og vinen vert kalla Jesu lekam og blod for å forkynne at han framleis søkjer fellesskap med den som treng nåde og tilgiving.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2012
Sist oppdatert: 14.12.2012