Hopp til innhold
 Oblat. Foto: Stevie Phillips, flickr.com
Oblat. Foto: Stevie Phillips, flickr.com
X
Innhald

Oblat

Oblat kjem frå latin oblatio som tyder gåve, tilbod. Oblat er òg namnet på nattverdsbrødet som er ein tynn kjeks av usyra kveitedeig. Det latinske namnet er oblata hostia som eigentleg tyder frambore slaktoffer. Oblat vert òg nytta om segl, ein liten gummiert papirbit som vanlegvis er rund og utstyrt med eit merke, initialar eller liknande, og som vert limt på brev.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2012
Sist oppdatert: 04.12.2012