Hopp til innhold
 Ortodoks kyrkje i Tallinn. Foto: Andrea Paraggio, flickr.com
Ortodoks kyrkje i Tallinn. Foto: Andrea Paraggio, flickr.com
X
Innhald

Ortodokse kyrkjer

Ortodokse kyrkjer er namn på ei rekkje kyrkjer med felles bakgrunn i den bysantiske kyrkja. Dei er særleg utbreidde i Russland, på Balkan og i området rundt det austlege Middelhavet.
 
Den ortodokse kyrkja braut med romarkyrkja i 1054 og vert leidd av patriarkar i Alexandria, Antiokia, Istanbul, Jerusalem og Moskva som styrer kvar sine område. Kyrkjesamfunnet har om lag 167 millionar tilhengjarar.
 
I Noreg har kyrkjelyden om lag 2300 medlemer. Læra som den ortodokse kyrkja praktiserer om til dømes skjærselden og nattverden, skil seg frå den romersk-katolske. Klostervesenet er ikkje delt i ordenar. Av presteskapet er berre biskopane pliktige til å leve i sølibat. I dei slaviske landa er kyrkjeslavisk det liturgiske språket.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2012
Sist oppdatert: 04.12.2012