Hopp til innhold
X
Innhald

Patriark

Patriark kjem frå gresk og vert i Det gamle testamentet brukt om stamfedrane til Israel: Abraham, Isak og Jakob. I Det nye testamentet vert det òg nytta om andre personar frå den eldste israelhistoria. Patriark er òg ein kyrkjeleg embetstittel. Frå 300-talet vart han brukt om biskopane i Alexandria, Antiokia, Konstantinopel og Jerusalem. Seinare vart tittelen òg brukt om visse andre biskopar. Å vere patriarkalsk vil seie å vere faderleg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2012
Sist oppdatert: 04.12.2012