Hopp til innhold
X
Innhald

Paulus

Paulus, som heiter Saul på jødisk og Paulos på gresk, vart fødd i Tarsos og utdanna til jødisk skriftlærd i Jerusalem. Han var farisear og kristenforfølgjar, og han var med på å steine Stefanus. Utanfor Damaskus hadde Paulus ein kristusvisjon som gjorde han til ein ivrig kristen. Han gjorde tre misjonsreiser i åra 45–57, vart fengsla i Jerusalem i 58, sat to år i fengsel og vart deretter ført til Roma. Lagnaden hans etter det er ukjend. Tradisjonen seier at han leid martyrdøden i Roma i 64.
 
Det var Paulus som løyste kristendomen frå den nasjonale forankringa i jødedomen og dermed gjorde utbreiinga til ein verdsreligion mogleg. Forkynninga hans slik som vi møter ho i breva hans i Det nye testamentet, fekk grunnleggjande mykje å seie for utviklinga av den kristne teologien.
 
Av dei 13 breva som er lagde til Paulus i Det nye testamentet, vert fleire rekna for å vere skrivne av han: Rom, 1 og 2 Kor, Gal, Fil, Filemon og 1 Tess. Dei som er usikrare, er: 2 Tess, Kol og Ef. Dei som truleg ikkje er skrivne av Paulus, er 1 og 2 Tim og Tit som òg vert kalla Pastoralbreva.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.12.2012
Sist oppdatert: 05.12.2012