Hopp til innhold
 Pave Benedict XVI. Foto: Sergey Kozhukhov.
Pave Benedict XVI. Foto: Sergey Kozhukhov.
X
Innhald

Pave

Pave kjem frå det latinske ordet papa og er namnet på overhovudet i den romersk-katolske kyrkja, biskopen i Roma. Pave Benedikt XVI er den første paven på over seks hundre år som abdiserer.
Pave kjem frå det latinske ordet papa og er namnet på overhovudet i den romersk-katolske kyrkja, biskopen i Roma. Paven vert valt på livstid av konklavet og bur i Vatikanet. Tradisjonen seier at apostelen Peter var den første paven.
 
Pave Benedikt XVI offentleggjorde 10.februar 2013 at han ville abdisere. Benedikt XVI vart vald til pave 19. april 2005. Han vart den første paven på over seks hundre år som abdiserte og ber no tittelen pave emeritus.
 
Konklaven valde ny pave 13. mars 2013. Kardinal Jorge Mario Bergoglio frå Argentina vart vald til ny pave og tok namnet Frans 1. Han er den første ikkje- europeiske paven og tilhøyrer jesuittane.
 
Kjelder
Øyvind Grosvold: «Paven abdiserer», nrk.no, publisert 11.2.2013, http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.10908357 [lesedato 11.2.2013]
NTB: "Argentiner valgt til ny pave", ntb 13.3.2013,
http://e24.no/utenriks/argentiner-valgt-til-ny-pave/20345766
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2012
Sist oppdatert: 06.04.2013