Hopp til innhold
X
Innhald

Pelagianisme

Pelagianisme er ei kristendomsoppfatning kalla opp etter munken Pelagius som var irsk eller britisk og verka som predikant i Roma på 400-talet. Han gjekk imot læra om arvesynda og understreka viljefridomen, men vart heftig imøtegått av Augustin. Oppfatninga til Pelagius vart dømd som kjettersk på eit kyrkjemøte i Kartago 418.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2012
Sist oppdatert: 04.12.2012