Hopp til innhold
X
Innhald

Postill

Postill er ei kortform av det latinske post illa verba textus, som tyder "etter desse skriftorda", og var opphavleg ei mellomaldersk preikesamling eller samling med moment til utlegging av dagens tekst.
 
Etter kvart vart postill òg namnet på ei type andaktsbøker med preiker over tekstene i kyrkjeåret, meint for høgtlesing eller innanåtlesing i heimen, ein huspostill.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2012
Sist oppdatert: 04.12.2012