Hopp til innhold
X
Innhald

Quo vadis, Domine?

Quo vadis, Domine? Uttrykket kjem frå latin og tyder "Kvar går du, Herre?". Legenda seier at dette var noko Peter sa då han var på veg ut av Roma for å redde seg frå kristenforfølginga til Nero og møtte Jesus i eit syn på Via Appia. Jesus skal ha svart: Venio iterum crucifigi som tyder "For å korsfestast på nytt". Peter vart då skamfull og vende attende til byen der han sjølv leid martyrdøden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2012
Sist oppdatert: 04.12.2012