Hopp til innhold
X
Innhald

Reformasjonen

Reformasjonen var ein prosess som skapte store kyrkjelege og politiske endringar i Europa på 1500-talet. Den romersk-katolske kyrkja blei splitta opp i mange ulike kyrkjesamfunn. Pave og keisar fekk mindre makt, nasjonale fyrstar meir.

Som startpunktet for reformasjonen reknar ein gjerne 31. oktober 1517. På denne datoen offentleggjorde Martin Luther 95 setningar mot avlatshandelen, ein kyrkjeleg praksis han var svært kritisk til. Dei neste åra auka konfliktnivået mellom reformtilhengjarar og leiinga i den romersk-katolske kyrkja. Som følgje av konflikten oppstod det uavhengige kyrkjeorganisasjonar i mange vesteuropeiske område. Dei fekk fellesnemninga «protestantar».

 

Den protestantiske rørsla var ikkje einskapleg. Ein taler gjerne om fire greiner: den lutherske, den reformerte, den anglikanske og den radikale reformasjonen. Alle avviste paven som øvste samlande kyrkjeleiar. Dei la stor vekt på Bibelen og kritiserte slikt dei meinte var ubibelske tradisjonar i kyrkja. Men dei var usamde seg imellom om mange ting innanfor kyrkjelæra og kyrkjeorganisasjonen, mellom anna synet på kyrkjelege handlingar som dåp og nattverd og forholdet mellom kyrkje og stat.

 

Reformasjonstida var ei uroleg tid både religiøst og politisk. Situasjonen var ikkje avklart før i 1648, ved slutten av den såkalla 30‑årskrigen. Den katolske kyrkja var no blitt eitt av fleire kyrkjesamfunn, med tyngdepunkt i Sør-Europa. I Nord-Europa dominerte ulike protestantiske kyrkjer. Danmark-Noreg fekk ei luthersk statskyrkje i 1536.

Lutherbibelen, utgåve frå 1556, trykt av Hans Lufft sitt boktrykkeri. Kjelde: Evangelische Kirche in Österreich, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Lutherbibelen, utgåve frå 1556, trykt av Hans Lufft sitt boktrykkeri. Kjelde: Evangelische Kirche in Österreich, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

 

Føresetnader for reformasjonen

Martin Luther (1483–1546) var verken den første eller den einaste som kritiserte forhold innanfor kyrkja. Meir enn hundre år tidlegare hadde John Wyclif (d. 1384) i England og Jan Hus (1369–1415) i Böhmen (i dag Tsjekkia) opponert mot paven sin autoritet og mot praksisar dei såg som ubibelske. Jan Hus var blitt brend som kjettar. Mange var òg kritiske til prakta og pengeforbruket hos kyrkjeleiarane, og til paven si stilling som verdsleg fyrste.

 

Innanfor kyrkja fanst det fleire krefter som arbeidde for endring. Dei såkalla bibelhumanistane ønskte å leggje sterkare vekt på studiet av Bibelen, også på grunnspråka hebraisk og gresk, ikkje berre i den tradisjonelle latinske omsetjinga. Erasmus frå Rotterdam (d. 1536) si utgåve av Det nye testamentet på gresk fekk mykje å seie. Mystikarane oppmuntra til fornying av det personlege og indre religiøse livet.

 

Når Luther og andre fekk fridom til å lansere og gjennomføre dei religiøse reformprogramma sine, hang dette òg saman med det politiske maktspelet i Europa. Den tysk-romerske keisaren var ein sentral europeisk maktfaktor og ein støttespelar for kyrkja. Han var vald av eit kollegium av dei viktigaste tyske fyrstane, dei såkalla kurfyrstane. Men keisaren hadde berre direkte kontroll over dei landa han sjølv hadde arverett til som fyrste. I Tyskland og Sveits fanst det eit lappeteppe av sjølvstendige fyrstedøme og byar som vakta nøye på den politiske, økonomiske og militære maktbalansen mellom dei sjølve, keisaren og kyrkja.

 

Tankane til reformatorane kunne nå ut til mange menneske på kort tid takka vere ei teknologisk nyvinning: Boktrykkjarkunsten gjorde det mogleg å trykkje og spreie tekstar og bilete i store opplag til ein låg pris. Reformasjonen blei ei folkerørsle.

Måleri av Martin Luther, laga av den tyske renessansekunstnaren Lucas Cranach den eldre (1472–1553), truleg i 1529. Kjelde: ndla. Falle i det fri.

Måleri av Martin Luther, laga av den tyske renessansekunstnaren Lucas Cranach den eldre (1472–1553), truleg i 1529. Kjelde: ndla. Falle i det fri.

 

Den lutherske reformasjonen

Martin Luther var professor ved universitetet i Wittenberg i det tyske fyrstedømet Sachsen. Han gjekk inn for forenkling av den kyrkjeleg læra og dei kyrkjelege rituala. Programmet hans blir ofte samanfatta i fire slagord: «Skrifta åleine» set autoriteten til Bibelen over alle kyrkjelege tradisjonar. «Trua åleine», «Nåden åleine» og «Kristus åleine» samanfattar synet på frelsa: Det er Gud som for Kristi skuld av nåde frelser mennesket. Det einaste mennesket kan gjere, er å ta imot Guds gåve i tru. Gode og fromme gjerningar fører ikkje til frelse, men dei kan vere bra for medmenneska.

 

Etter brotet med paven, som bannlyste Luther i 1521, blei det skipa sjølvstendige lutherske kyrkjer mange stader i Nord-Tyskland og i Norden. Dei blei organiserte som statskyrkjer, med fyrsten som overhovud. Kong Gustav Vasa innførte den lutherske reformasjonen i Sverige i 1527. Kong Kristian 3. gjorde det same i Danmark-Noreg i 1536–37. Til Noreg kom ikkje reformasjonen som følgje av noko folkekrav. Innføringa var eit påbod ovanfrå og utanfrå, frå kongen i København.

 

Kong Kristian 3. hadde sjølv opplevd Luther og var blitt overtydd av han. Og religiøs overtyding var eit sentralt motiv når han og andre fyrstar slutta seg til og gjennomførte reformasjonen i landa sine. Men reformasjonen gav òg fyrstane kontroll over ein sterk ideologisk maktfaktor, nemleg kyrkja, og ikkje minst over dei rike økonomiske ressursane kyrkja rådde over. I mange land var kyrkja den største jordeigaren.

 

Dei reformerte kyrkjene

I Sør-Tyskland og Sveits fekk reformasjonen ein litt annan profil, med borgarar i byane som drivkrefter. Ulrich (Huldrych) Zwingli (1484–1531) var prest i Zürich og organiserte reformasjonen der. Franskmannen Jean Calvin (1509–1564) kom som flyktning til Genève og blei den viktigaste teologen innanfor denne greina av protestantismen, som gjerne går under namnet «dei reformerte kyrkjene» eller «kalvinismen». Denne retninga fekk òg fotfeste i Nederlanda, Frankrike og Skottland, og etter kvart tilslutning i større delar av Tyskland. Dei reformerte kyrkjene skil seg frå dei lutherske på nokre punkt, til dømes når det gjeld organiseringa av kyrkja og forholdet mellom kyrkje og samfunn. Dei har òg litt ulikt syn på sakramenta, dei heilage handlingane dåp og nattverd.

Litografi som framstiller Jean Calvin. «The death of Calvin», av W.L. Walton etter Oakley, ca. 1865. Kjelde: Wellcome Images CC BY 4.0.

Litografi som framstiller Jean Calvin. «The death of Calvin», av W.L. Walton etter Oakley, ca. 1865. Kjelde: Wellcome Images CC BY 4.0. 

 

Reformasjonen i England

Også i England var reformasjonen eit resultat av eit kongeleg påbod, men med ei spesiell forhistorie. Kong Henrik 8. hadde vore støttespelar for paven i striden med Luther, men braut med den katolske kyrkja i 1534, fordi kyrkja ikkje ville godkjenne skilsmissa og det nye ekteskapet hans. Den engelske statskyrkja, ofte kalla «den anglikanske kyrkja», har halde på fleire trekk frå den katolske tradisjonen enn dei andre reformasjonskyrkjene. Samtidig har denne kyrkja, av særlege historiske grunnar, vore open for fleire utformingar av teologi og kyrkjeliv. Ein taler gjerne om ei «høgkyrkjeleg» retning farga av katolske impulsar, ei «lågkyrkjeleg» retning påverka av protestantiske vekkingsrørsler, og ei «breikyrkjeleg» retning med ønske om å formidle mellom desse to posisjonane.

Triptykon (tredelt alterbilete) i St. James romersk-katolske kyrkje i London som viser katolske martyrar i England og Wales under reformasjonen i England. Foto: Fr Lawrence Lew, O.P., Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Triptykon (tredelt alterbilete) i St. James romersk-katolske kyrkje i London som viser katolske martyrar i England og Wales under reformasjonen i England. Foto: Fr Lawrence Lew, O.P., Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Den radikale reformasjonen

Det var dei som meinte at Luther og dei andre reformatorane ikkje gjekk langt nok. Mellom dei var Luthers tidlegare kollega Andreas Karlstadt (1486–1541), som slutta å døype born, men som likevel ikkje døypte folk på ny, slik som anabaptistane eller «gjendøyparane» gjorde. Andre hevda at Gud talte direkte til dei gjennom visjonar og andre openberringar. Den tidlegare lutheranaren Thomas Müntzer (d. 1525) blei avretta som ein av leiarane for eit religiøst motivert bondeopprør i Sør-Tyskland. Den nederlandske døyparleiaren Menno Simons (d. 1561) var derimot pasifist. «Den radikale reformasjonen» er eit fellesnamn for mange ulike grupperingar. Felles for dei er kritikken mot både den katolske kyrkja og dei etablerte protestantiske statskyrkjene, noko som gjorde dei utsette for forfølging av styresmaktene.

 

Katolsk reformasjon

Den katolske kyrkja endra også karakter som følgje av reformasjonstida. I løpet av åra 1545–63 møttest eit kyrkjemøte i tre omgangar i Trento i Nord-Italia, det såkalla Tridentkonsilet. Her slo ein fast kva som skulle reknast som rett katolsk lære og gudsteneste, men det blei òg rydda opp i slikt som ein oppfatta som misbruk i kyrkja. Denne prosessen har ofte vore omtalt som «motreformasjonen». Dette omgrepet kan gi inntrykk av at det utelukkande handlar om ein antiprotestantisk strategi, men det er like mykje tale om ei intern katolsk konsolidering og fornying. Ein viktig reiskap var den nye utoverretta og misjonerande Jesuittordenen, grunnlagd av den spanske adelsmannen Ignatius av Loyola (1491–1556).

Emblemet til Jesuittordenen innfelt i ein skulptur i kyrkja Il Gesù i Roma, jesuittane si  moderkyrkje. Dei greske bokstavane IHS står for Jesus Kristus. Foto: Fr Lawrence Lew, O.P., Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Emblemet til Jesuittordenen innfelt i ein skulptur i kyrkja Il Gesù i Roma, jesuittane si  moderkyrkje. Dei greske bokstavane IHS står for Jesus Kristus. Foto: Fr Lawrence Lew, O.P., Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Nyare protestantiske trussamfunn

Gjennom historia har teologiske stridar og vekkingsrørsler ført til ytterlegare oppsplitting av den protestantiske rørsla og etablering av nye kristne trussamfunn. Dei fleste har utspring i den reformerte greina av protestantismen. Baptismen har røter dels i døyparrørslene i reformasjonstida, dels i engelske vekkingsrørsler i dei følgjande hundreåra. Baptistar meiner at medviten tru er ein føresetnad for dåp og avviser dåp av småborn. Metodismen er ei sosial og religiøs vekkingsrørsle som oppstod i England på 1700-talet. Den pinsekarismatiske rørsla er ei vekkingsrørsle med opphav i USA like etter år 1900. Her legg ein stor vekt på erfaringa av Den Heilage Ande.

Baptistar i Yardenit ved Jordan-elva i Israel. Foto: Dennis Jarvis, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Baptistar i Yardenit ved Jordan-elva i Israel. Foto: Dennis Jarvis, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

 

Reformasjon og modernitet

Reformasjonen var ei religiøs rørsle med store konsekvensar. Den kristne einskapskulturen i Vest-Europa gjekk i oppløysing og blei erstatta av eit mangfald av ulike trussamfunn eller konfesjonar. Den romersk-katolske kyrkja blei no eitt av fleire alternativ på den religiøse marknaden.

 

Ei fornya interesse for det personlege forholdet til Gud var med på å setje individet i sentrum på ein ny måte. Mange ser dette som eit tidleg tildriv til utviklinga av demokratiet. Den tyske sosiologen Max Weber (1864–1920) meinte at den protestantiske etikken var ein viktig faktor i utviklinga av moderne kapitalisme. Fokuset på den einskilde si tru og den sterke vektlegginga av Bibelen skapte behov for bibelomsetjingar og annan religiøs litteratur på folkespråka, og for leseopplæring og utdanning for alle.

 

Andre meiner at dei nye statskyrkjene var meir til fordel for fyrstane enn for folket. Dei var iallfall med på å styrkje utviklinga av nasjonalstatar og å svekkje dei religiøse og politiske sentralmaktene, paven og den tysk-romerske keisaren. I Tyskland markerte den såkalla religionsfreden i Augsburg i 1555 slutten på ein krig mellom katolske og protestantiske fyrstar. Også i den såkalla trettiårskrigen (1618–48), som råka store delar av Europa, spela religiøse motsetnader ei utløysande rolle. Fredsslutninga i Westfalen i 1648 trekte opp politiske og religiøse grenser i Europa som stort sett kom til å vare i 150 år.

 

I mange historieframstillingar markerer reformasjonen, saman med renessansen, epokeskiljet mellom mellomalderen og moderne tid.

 

Kjelder

Sigrun Høgetveit Berg: Reformasjonen. Oslo 2017

Irene Dingel og Volker Leppin: Das Reformatorenlexikon. Darmstadt 2014

Carter Lindberg: The European Reformations. Chichester 2010

Else Marie Lingaas: Vestens idéhistorie, bd. 2: Renessanse og reformasjon 1350–1600. Oslo 2013

Alister E. McGrath: Reformation Thought. An Introduction. Chichester 2012

Tarald Rasmussen: Hva er protestantisme? Oslo 2017

Frank Aarebrot og Kjetil Evjen: Reformasjonen. Den store historien. Bergen 2017

Først publisert: 02.01.2018
Sist oppdatert: 21.03.2018