Hopp til innhold
X
Innhald

Reformerte kyrkjer

Reformerte kyrkjer er ei fellesnemning for ei rekkje innbyrdes sjølvstendige kyrkjesamfunn som alle er gått ut frå reformasjonen til Jean Calvin og Ulrich Zwingli.

Reformerte kyrkjer legg vekt på kyrkjeforfatninga, predestinasjonslæra, Bibelen som autoritet i trusspørsmål, enkle kyrkjerom og enkel liturgi.

 
Kyrkjesamfunnet vert leidd av valde tillitsmann, presbyterar, saman med prestane. Kyrkja er særleg utbreidd i Sveits, Nederland, Tyskland, Skottland og USA og har om lag 75 millionar menneske.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2012
Sist oppdatert: 31.10.2017