Hopp til innhold
 Nattverd. Foto: Ian Britton, flickr.com
Nattverd. Foto: Ian Britton, flickr.com
X
Innhald

Sakrament

Sakrament kjem frå latin sacramentum som i oldkyrkja var namnet på kyrkjelege handlingar og gjenstandar som vart brukte i gudstenesta. Augustin definerte sakrament som synlege teikn på Guds nådegåve.
 
I mellomalderen vart sakrament brukt om særleg viktige nådemiddel, som i 1439 vart fastsett til sju: dåp, konfirmasjon, nattverd, bot, den siste oljen, ordinasjon og ekteskap. Sakramenta i Den lutherske kyrkja er dåp og nattverd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2012
Sist oppdatert: 04.12.2012